torsdag 4. november 2021

Mot kveld

Ettrr ein solrik dag er kvelden her, og då ser eg skodda kome rullande frå sørvest meddan skyene er farga av den sigande sola.

søndag 31. oktober 2021

Ein raudstrupe

Eg sat og las litt ein dag då det brått kom ein smell i vindauget. Eit kvart hadde kasja i det. Då vi såg ut letta ei kjøtmeis, så var det vel den som hadde treft. Dagen etter fann mi kjære ein annan liten fugl nedfor vindauget. Så var det ikkje kjøtmeisa men ein raudstrupe, og den hadde ikkje overlevd møtet med glaset.

torsdag 21. oktober 2021

Ein smak av..

Den første hauststormen kom denne natta, og han var rimeleg frisk av seg enno då eg forlet den varme senga. Eg kunne teke morgondusjen ute om eg ville. No i middagstida er det stilna mykje av, med glytt av sol mellom bygene. Og vi har fått det første varslet om kva vi har i vente. Terasseborda ute er kvite av hagl medan rosene enno står i fullt flor.
.

søndag 10. oktober 2021

Haustblome

Mi kjære har blomar som byrjar si bløming tidleg om våren og sluttar først når hausten bankar på døra. Andre brukar lang tid før dei kjem i blomst, som denne, ei tåre med store klokker. Den kjem først mot hausten, men det er kjekt med haustblomar og.

lørdag 9. oktober 2021

Haust

Det er ikkje tre som får sine haustfargar. Mi kjære har hatt ståande eit par krukker med grøne planter i. Men no i oktober har dei skifta let. Dei grøne toppane lyser no med rosa blomar.

tirsdag 5. oktober 2021

Eg ser

Eg har ein sitjeplass ute når sola varmar. Ein stol i solveggen. Der sit eg ofte med varm kaffi koppen og nyt varmen, utsynet og livet rundt meg. Denne somaren har det vore småfuglar, helst gråsporv som er innom for brødsmular som mi kjære legg ut til dei. Det kan vere ein heil flokk som brått flyg inn for landing. Men mi kjære har og sytt for andre gleder for meg i form av fargerike blomar der insekt av mange slag er innom for å finne seg litt næring. No seinhaustes har dei mange tårene, eller fuksia som dei og heiter, som er flittig vitja av ulike slags insekt. Somme kryp inn i blomen, andre hengjer seg fast  som denne og syg seg næring.